Jobb hos oss
Vi lagar mat til heile Noreg, frå Loen i Nordfjord.
Nordfjord Kjøtt er ein av dei største arbeidsplassane i regionen, med rundt 450 tilsette. Sidan 2000-talet har vi investert over to milliardar kroner i anlegget i Loen, og maskinparken og automatiseringa vår høyrer til det mest moderne i bransjen. Det gir spennande og varierte jobbar, både for fagfolk og for deg som vil lære.
Kvifor jobbe hjå oss?
- Moderne produksjon. Robotar, automatiserte liner og ny teknologi, kombinert med ekte mathandverk.
- Store moglegheiter til å vekse internt. Mange av leiarane og fagfolka våre starta i produksjonen.
- Gode vilkår. Tariffavtale, 7 % innskotspensjon og AFP.
- Fjell og fjord rett utanfor døra. Stryn er ein god stad å bu, jobbe og leve.
Nokre av områda våre
Hos Nordfjord finn du eit breitt spekter av oppgåver, frå mathandverk og produksjon til teknikk, logistikk og kontor. Her er nokre av dei:
- Produksjon
- Kjøttskjæring
- Pølsemaking
- Lager og logistikk
- Mekanisk vedlikehald
- Industrielektro
- Automasjon
- Produktutvikling
- Kvalitet og mattryggleik
- Labmedarbeider
- Salg
- HR
- Økonomi og innkjøp
- IT
- Planlegging
- Linjeleiing
Ser du ikkje ditt fagfelt her? Send oss likevel ein søknad. Vi har fleire roller enn det som får plass på ei side.
Lærling og sommarjobb
Vi tek inn lærlingar og treng sommarvikarar og ekstrahjelp. For mange har det vore starten på ein lang karriere hjå oss.
Søk jobb
Send ein open søknad til sentralbord@nordfjord-as.no

