Nordfjord

Frå Loen i Nordfjord — siden 1961

Vår historie

Frå tolv tilsette i eit lite bygg i Olden til heile Norges kjøttmester. Dette er historia om sunt bondevett og seks tiår med handverk.

Det starta ved fjorden

Sunt bondevett, i arv sidan 1961

Då meieria i Indre Nordfjord vart slått saman kring 1960, stod arbeidsplassar i Olden i fare. Meieristen Leif Roksvåg ville ikkje sjå bygda tape. 12. mai 1961 stifta han Nordfjord Kjøttindustri, tolv tilsette, eit bygg på 597 kvadratmeter, og ei tru på at råvarer frå Indre Nordfjord er noko heilt for seg sjølv.

Sidan den gong har kunnskapen gått i arv frå generasjon til generasjon i same familie. I dag er vi blant landets fremste kjøttforedlarar med rundt 400 årsverk, men vi lagar framleis kjøt med stoltheit frå Loen, omkransa av Nordfjorden, Lovatnet og Skåla. Dette er historia om vegen dit.

Fagmann i arbeid hjå Nordfjord Kjøtt i Loen
Gleder fleire, kostar mindre
Tidslinja

Seks tiår, eit handverk

Bla nedover og følg åra rulle frå 1961 og fram til i dag.

  1. Olden
    1961

    Det hele starter i Olden

    12. mai 1961 stiftar meieristen Leif Roksvåg Nordfjord Kjøttindustri. Målet er like enkelt som det er stort: å erstatte arbeidsplassane bygda mista då meieria vart samla. Tolv tilsette. éi kvinne og elleve menn, startar opp i eit bygg på 597 kvadratmeter. Omsetnaden første heile driftsår: 2,6 millionar kroner.

  2. Logo1979
    1970

    Frå samvirkelag til aksjeselskap

    Nordfjord Kjøttindustri går frå SL til A/S. Bedrifta investerer, byggjer ut og tenkje langsiktig, grunnlaget for alt som skulle kome.

  3. Nordfjord Kjøtt Avdeling Oslo
    1973

    Oslo får smaken på Nordfjord

    Sal til storhushald i Oslo opnar landets største marknad. Samstundes blir tomta i Olden for liten. Valet fell på Lovik i Loen, ei avgjerd som møter politisk storm og mykje avisskriving, men hausten 1974 er tomta sikra.

  4. 1978

    Nytt hjem i Loen

    20. juni 1978 flyttar 101 tilsette inn i eit topp moderne anlegg på 7 600 kvadratmeter skreddarsydd for effektiv produksjon i alle ledd, med rom til å vekse. «Då vi tok dette anlegget i bruk, visste vi at bedrifta kunne ha ei framtid», sa Leif Roksvåg. Omgjevnadene set standarden: her nyttar det ikkje å levere noko anna enn det beste.

  5. REMA1000
    1979

    Rema-eventyret startar

    Same år som Odd Reitan opnar den første REMA butikken, byrjar Nordfjord Kjøtt å levere. Det som startar som eit lite samarbeid, skal bli over 45 år og teljande.

  6. Transport
    1986

    Til hovudstaden, og først på data

    NK opnar eiga avdeling på Kaldbakken i Oslo. Kvar natt går kjøle og frysevogntog frå Loen, framme i 6–7 tida, ferskvarer utan mellomledd. Samstundes er NK pionerbedrift på datastyring i kjøttbransjen, både i produksjonen og administrasjonen. Bygdebedrifta ligg eit hakk føre.

  7. 30år
    1991

    30 år, heile landet et Nordfjord

    275 på lønningslista,138 kvinner og 137 menn, gjer NK til den klart største arbeidsplassen i Stryn kommune. Eigen bilpark på 25 vogner køyrer årleg ein distanse som svarar til 41 gonger rundt jorda, og kundane strekkjer seg frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord. Slagordet seier alt: «Gleder flere koster mindre.»

  8. 2000-talet

    Ei eventyrleg reise. 2 milliardar investert

    Frå bygdebedrift til ein av landets største kjøttforedlingsbedrifter. Over to milliardar kroner blir pløgde tilbake i anlegget i Loen dei neste tjue åra: store utvidingar, automatisering og ny teknologi. Verdiskapinga blir verande i bygda — og gir trygge arbeidsplassar i Indre Nordfjord.

  9. LeifRoksvåg
    2013

    Takk, Leif

    Grunnleggjaren Leif Roksvåg går bort, 92 år gamal. Han via heile yrkeslivet til meieri og kjøttbransjen og bygde ein god arbeidsplass i bygda. Arven hans, sunt bondevett, nøkternheit og kvalitet i alle ledd, lever vidare i familiebedrifta den dag i dag.

  10. 2010-talet

    NM-gull år etter år

    🥇 Norgesmester

    Nordfjord Kjøtt haustar gullmedaljar i Norgesmeisterskapen i kjøttprodukter. Pinnekjøtet blir kåra til Norges beste, og juleskinke, julepølse og pølser vinn igjen og igjen. Handverket frå Loen får dei gjævaste utmerkingane bransjen har.

  11. 2024

    Framtida er foredling

    ♻️ Mindre plast, meir effektivt

    Etter 63 år avviklar vi slaktinga i Loen og satsar 100 % på det vi er aller best til: foredling av kjøttvarer av topp kvalitet. Det blir og investert om lag 100 millionar i reinare og meir effektive produksjonsliner. Samstundes kuttar vi over 75 tonn plast i året i emballasjen.

  12. I dag

    Framleis frå Loen, ut til heile landet

    Rundt 400 årsverk, 65 000 kvadratmeter under tak, 25 000 tonn kjøttvarer og nær tre milliardar i omsetnad. Frå 597 kvadratmeter i Olden til hele Norges kjøttmester — framleis familieeigd, framleis i Loen, framleis med sunt bondevett. Du finn oss i alle REMA 1000 butikkar i landet. Og vi har ikkje planar om å slutte.

Frå fjord til bord

Smaken av Nordfjord, sidan 1961

Same handverket, same stoltheita. Sjå kva vi lagar i dag — eller ta kontakt med oss i Loen.