Gå til innholdet

SLAKT

Nødslakt: 958 23 118

Klikk her for informasjon om nødslakt.
Meny
bilde1

Dyrevelferd  

Grunnverdiar

Hovedmålet vårt er at vår grunnverdi skal syne att i holdningane, ansvarsfølelsen og handlingsmønsteret til våre medarbeidarar. Ein forutsetnad for vår produksjon av mat, er at det ikkje skal gå på bekostning av dyrevelferd, miljø eller sikkerheit. Trygghet og vern for forbruker, dyr, miljø og arbeidarar er grunnleggjande for vår produksjon

Dyrevelferd

God dyrevelferd er ein grunnleggjande verdi i norsk husdyrhold. Vår policy er difor at dyr ikkje skal utsetjast for unødvendig stress og smerte, men bli behandla med respekt. Dei viktigaste punkta innan dyrevelferd er:

  • God tilgang på friskt vatn og ein diett tilpassa slik at den opprettheld god helse og trivsel
  • Eit eigna levemiljø med god liggjeplass og ly for vær og vind
  • God og effektiv førebyggjing og behandling ved smerte, sjukdom og skade
  • Friheit til å utøve normal adferd
  • Unngå frykt og stress

Det viktigaste arbeidet for friske og trivelige dyr, skjer i fjøset hjå bonden. Alle bøndene som leverar dyr til oss, storfe, gris og småfe, må være KSL godkjente. KSL (Kvalitetssystemet i Landbruket) er eit offentleg styrt program som skal sikre at bonden driv garden sin på en god måte og at dyrevelferden er sikra.  Svinekjøttprodusentar er også tilknytta eit dyrevelferdsprogram utarbeidafor å jobbe systematisk med dokumentasjon og forbetring av dyrevelferda i husdyrbesetningar. Svinebønder må i tillegg inneha kompetansebevis for svin.

gris

På dyrebilen

Dyrebilsjåføren og dyrebilen er dyra sitt første møte med Nordfjord Kjøtt AS. Det er viktig for oss at transporten er minst mulig belastende for dyra. Alle våre dyrebilsjåførar har godkjend opplæring og kompetansebevis utstedt av Mattilsynet. I opplæringa er det vektlagt at dyr skal bli behandla med respekt og så skånsamt som mulig. Vi har som mål at transporten skal være så kort som mulig og under 8 timer. Vi benytter kun tilrettelagte og godkjente biler til transport av dyr.

På slakteriet

Mattilsynet er kontinuerlig til stades under slakteprosessen. Mattilsynets veterinærar sjekker at alle dyr er friske, uten skader og at dei blir behandla godt hjå oss. Dyr som viser seg å være skadd eller på anna måte ikke er egna som slakt blir avliva straks for å unngå lidelse for dyret.

Gris

Når det gjeld gris, er det halebiting/korte halar som blir registrert av Mattilsynet ved ankomst på slakteriet. Dette kan tyde på at grisen ikke har optimale levevilkår. For liten plass ved fôring, dårleg spaltegolv (skadelig/glatt), manglende mulighet for temperaturregulering, dårleg ventilasjon, uhensiktsmessig utforming av binge, mangel på halm og manglar ved fôret. Alt dette er belastande faktorar som bidreg til langvarig konflikt og frustrasjon hjå dyret. Halebiting er difor eit symptom på at noko er gale i miljøet til grisen.

Storfe

På storfe føl vi spesielt med på skitten pels. Dyra skal ha ein tørr og rein liggjeplass slik at dei ikkje skitner til pelsen. Skitne dyr får lettare betent hud som igjen kan gi smerte og irritasjon. Hud og hårlag som er reine, beskyttar mot skade og infeksjonar. I tillegg er reint hårlag viktig for god varmeregulering hjå dyret. Skitten pels vil bli registrert for kvart enkelt dyr og bonden vil får eit såkalla hygienetrekk (eit beløp blir trekt på oppgjeret til bonden).

Småfe

Tynne dyr og ein jamn variasjon i flokken er hovedfokus når det gjeld sau og geit. Dei vanlegaste årsakene er for lite mat og grovfôr av dårlig kvalitet. Andre årsaker kan være dårleg tannhelse, parasittar eller anna sjukdom.

Om bonden ikkje er KSL godkjend, vil han få et generelt trekk for dette, og vår rådgjevar vil prøve å hjelpe bonden med å få dette på plass. Dette gjelder alle dyreslag.

Oppdatert